Vasskefir

Vannkefir

For eit par år sidan laga eg min fyrste vasskefir og vasskefirkorna har vore i bruk nesten heile tida sidan. Dei er veldig ivrige og vert stadig fleire så eg har delt ut mange porsjonar til andre som vil prøve seg på å lage denne friske og sprudlande drikken. Vasskefirkorn får ein tak i på nett om ein ikkje er så heldig å kjenne nokon som har og vil gje vekk ein porsjon. Det er også mogeleg å få tak i det i ulike facebookgrupper som «Fermentering», «Melkesyregjæring» og «Fermentering og kraft med Gry Hammer»

Vasskefir smakar som ei blanding mellom grape soda og limonade. Min favoritt er naturell smak, men ein kan ha oppi ulike typar frukt, urter og bær for å lage ulike smakar. Med for eksempel bringebær vert det nærast ein type raudbrus eller appelsin som vert nesten som Solo.

Eg drikk eit glas kvar dag til middag og gjerne fleire om eg har lyst på. Det ein skal vere litt obs på er at ein kan få reaksjonar i starten så ein bør ein starte med små mengder og heller auke mengda etter kvart. Når magen har vorte vand med å få påfyll av desse mjølkesyrebakteriane så går reaksjonane over.

Mjølkesyre har forresten ikkje noko med mjølk å gjere og alle som reagerer på mjølk kan derfor trygt innta mjølkesyrebakteriar. For å sette det litt på spissen så kan ein for eksempel bli stinn av mjølkesyre i låra utan at ein har fått i seg mjølk.

Ingrediensar til 1 liter vasskefir

1 liter kaldt vatn

4 ss rårørsukker, eg brukar lyst rårørsukker frå Helios eller Urtekräm

ein liten neve økologiske rosiner, eg brukar Änglamark sine frå Coop

ei tjukk skive økologisk sitron (kan også bruke vanleg sitron men då bør ein ta av skalet)

2 ss vasskefirkorn

Ha vatn og rårørsukker i eit glas som tek litt over ein liter væske. Eg brukar eit norgesglas på 1,5 liter. Rør av og til og vent til mesteparten av sukkeret er løyst opp. Ha oppi rosiner, sitron og vasskefirkorna og dekk til med eit klede eller skru på loket på glaset utan å bruke strikken. La vasskefiren stå i romtemperatur i 2-3 dagar eller til det er passe syrleg for din gane.

Ta ut sitron og rosiner og kast dei. Sil vasskefiren og ha han over på ei flaske med tett kork.  Skylj vasskefirkorna i vatn som ikkje er heilt iskaldt og enten ha dei i ei ny runde med vasskefir, eller ha dei i litt sukkervatn i eit glas med lok i kjøleskapet til du er klar for å lage meir vasskefir. La flaska med den ferdige vasskefiren stå i romtemperatur over natta eller til det er passeleg med kolsyre. NB! Det kan verte ganske eksplosivt så det kan vere lurt å opne flaska ute om du er usikker på kor mykje futt det er i drikken. Sett vasskefiren til avkjøling i kjøleskapet.

Ein skal berre bruke 2 ss vasskefirkorn per liter vatn. Dersom korna vert fleire så kan dei brukast til å lage fleire runder på same tid eller settast i eit glas i kjøleskapet med litt vatn og ei skei rårørsukker. Med tida vert dei vanlegvis fleire slik at ein kan gje vekk til vener og kjende når det hopar seg opp.

Etterfermentering

Ein kan tilsette smak etter at ein har teke ut vasskefirkorn, sitron og rosiner. Kva slag smakar er opp til kvar sin gane. Ein kan bruke alt av frukt og bær eller i ulike kombinasjonar. Eg pleier å etterfermentere i same noregsglaset som eg brygga vasskefiren i. Har oppi det eg vil smakssetje med og let det stå med tett lok i eit døgn eller til det har passe smak. Silar over på flasker og om det ikkje er nok kolsyre let eg det stå i romtemperatur til det har passe futt. Sett flaska i kjøleskapet til avkjøling.

Alternativ

  • Rosiner kan  bytast ut med andre sortar tørka frukt som fiken eller dadlar.
  • Ein kan bruke vanleg sukker, lønnesirup eller andre sortar sukker i staden for rårørsukker. Men eg tykkjer det vert best resultat med lyst rårørsukker.
  • Til etterfermentering går det fint å bruke frosne bær. Eg pleier å bruke eit par nevar med bær per liter vasskefir.
  • Ulike smaksvariantar kan for eksempel vere ingefær, bringebær, blåbær, mango, mynte eller appelsin.
  • Ved å blande frisk mynte og limejuice vert smaken som Mojito.

 

Tips

  • Det kan ta noko tid frå ein får vasskefirkorn i hus til det vert skikkeleg fres i dei. Det kan hende fordi dei treng å tilpasse seg ein ny heim.
  • Når vasskefirkorna ikkje er i bruk eller ein får altfor mange så kan dei lagrast i kjøleskapet i eit glas med litt vatn og ei ss rårørsukker eller lønnesirup. Då er det lurt å fylle på med ei skei sukker minst ein gong annakvar veke. Til slutt vert dei såpass mange at ein ikkje kjem unna å måtte kaste ein del.
  • Nokre vasskefirkorn tek seg ein tur opp og ned. Andre vert liggande på botnen. Dette har ikkje noko å seie for resultatet.
  • Det står i enkelte oppskrifter at ein ikkje kan bruke metall når ein lagar vasskefir. Dette gjeld ikkje rustfritt stål så ein kan for eksempel bruke ein sil i rustfritt stål utan problem.
  • Får ein mygl på vasskefiren så må alt kastast og ein må starte på nytt. Derfor er det lurt å alltid ha nokre korn i reserve i kjøleskapet. Er ein plaga med at det myglar så kan det vere lurt å skolde rosiner og sitronen med kokande vatn før bruk.
  • Dersom det vert eit kvitt belegg på toppen er det truleg khamgjær. Då kan ein ta av det kvite og skylje varsskefirkorna godt i vatn før ein tek dei i bruk att.
  • Hugs at det skal lett smitte mellom ulike kulturar så ein bør ha avstand på minst ein meter mellom kulturane om ein held på med fleire ting på ein gong.
  • Ved å bruke flasker som ikkje er heilt tette så unngår ein å få kolsyre om ein ikkje ynskjer det. Då vert vasskefiren meir som saft eller limonade.
  • Det vert ofte eit kvitt belegg eller litt grums i botnen av flaskene. Dette er mest gjær og er heilt ufarleg.

 

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.