Vaflar utan egg og gluten

Vafler uten egg og gluten

Vaflar utan egg og gluten kan likevel bli gode. Denne oppskrifta er på rømmevaflar som er sprø og er helt klart best når dei er nysteikte.

Oppskrift på vaflar som også er utan mjølk finn du her.

 

Ingrediensar til ca 10 plater

6 dl rømme
1 ts salt
1 ts bakepulver
2 dl vatn
200 g lyst glutenfritt mjøl (Toro lys mjølblanding)

Bland alt saman til ei tjukk og klumpefri røre. La det stå og svelle i minst 10 minuttar.
Steik vaflene og avkjøl på litt på ei rist.

 

Alternativ

  • Om ein ikkje treng å ha det glutenfritt kan ein nytte vanleg sikta mjøl i staden
  • Litt av mjølet kan bytast ut med litt havregryn eller grovt mjøl for variasjon
  • Bruk laktosefri rømme så vert vaflane laktosefrie.

 

Tips

  • Server vaflene varme med is og bær attåt
  • Sidan vaflane er utan tilsett sukker så er det gode med salt pålegg som for eksempel spekemat eller ost

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.