Surdeigspizza

Surdeigspizza med spelt

Å lage surdeigspizza treng ikkje kreve så mykje innsats. Eg set deiga om morgonen og let ho stå og heve på benken til middagstid. Det er viktig for meg at surdeigsbakst er noko som er overkomeleg for dei fleste. Derfor har eg utvikla denne oppskrifta på ein pizzabotn som er enkel og samtidig gir eit godt resultat. Eg brukar speltmjøl men ein kan nytte den mjøltypen ein ynskjer.

Oppskrifta er laktosefri og kan gjereast mjølkefri.

Ingrediensar til 2 stk surdeigspizza (middels store)

3,5 dl kaldt vatn

1 ss surdeigstartar

25 g smelta eller mjukt smør/olje

1 ts salt

ca. 500 g sikta spelt

Ha vatnet i ein bakebolle og rør inn surdeigstartar. Ha i salt, smør og mesteparten av mjølet. Elt godt saman og juster med meir mjøl om nødvendig. Deiga skal vere ganske fast og ikkje klissete. Sett til heving i romtemperatur i 6-12 timar.

Deiga kan vere ganske klissete etter heving så det beste er å ha litt vatn eller smør/olje på hendene og trykke deiga utover ei steikjeplate med bakepapir.

Ha på pizzafyll og ost. Steikjast på 225 grader i rundt 20 minutt.

Alternativ

  • Sikta spelt kan bytast ut med kveitemjøl. Då er det viktig å ha i mjølet litt etter litt til deiga er fast og ikkje klissete.
  • For mjølkefri surdeigspizza kan ein nytte olje eller mjølkefritt smør i deiga og mjølkefri ost på toppen. Det finst fleire sortar mjølkefri ost i butikkane. Violife er brukbar. Det same er dei veganske ostane som er ferdig raspa. Desse finn ein forresten ofte ikkje i allergihylla men i ferskvaredisken der dei kjøtfrie alternativa står.

Tips

  • Lag opp mange pizzabotnar og halvsteik dei i 10 minutt før frysing så er det raskt å lage pizza seinare.
  • Lag deiga kvelden før og sett ho rett i kjøleskapet. Sett i romtemperatur 6-10 timar før utbaking. For eksempel kan ein ta deiga ut av kjøleskapet før ein går på jobb på morgonen så er ho ferdig heva når ein kjem heim. Deiga held seg fleire dagar i kjøleskapet og vil heve ein del der. Om ho har heva mykje kan ein bake henne direkte ut. Dette kjem an på kor aktiv surdeigstartaren er.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.