Surdeigsbrød med havre og rug

Surdeigsbrød med havre og rug

Eit saftig og smakfullt surdeigsbrød med havre og rug bakt i gryte. Det et relativt enkelt å lage og passar godt som kvardagsbrød. I tillegg er det lite arbeid med det og resultatet vert bra kvar gong.

Eg har ei gryte på 5,3 liter og denne oppskrifta vert eit middels stort brød i denne gryta.

 

Ingrediensar til eit grytebrød

7,5 dl kaldt vatn

2 ss surdeigstartar

1 ss salt

100 g havregryn

100 g grov sammalen rug

250 g sammalen fin spelt

500 g sikta spelt

 

Ha vatnet i ein bakebolle og rør inn surdeigstartaren. Elt godt inn alt mjølet og dekk til bakebollen med plast. Sett til heving i romtemperatur i 8-12 timar.

Legg bakepapir i ein annan bakebolle som er stor nok til å romme deiga og har plass nok til at deiga hever litt ekstra. Bruk ei deigskrape eller ein slikkepott og tøm deiga over i den andre bollen med bakepapir. La deiga etterheve utildekka i rundt ein time.

Sett ei støypejernsgryte på rist nederst i kald omn og varm opp omnen til 230 grader. Ta forsiktig ut den glovarme gryta og løft deiga over i gryta ved å halde tak i alle hjørna på bakepapiret. Legg på loket og sett gryta innatt i omnen. Ta av loket etter 30 minutt, sett varmen ned til 200 grader og la det steikje vidare i 15 minuttar til. Ta ut gryta og løft ut brødet etter hjørna på bakepapiret. Sett brødet til avkjøling på rist.

 

Alternativ

  • Havregryn, rug og sammalen spelt kan bytast ut med andre sortar grovt mjøl.
  • Har ein ikkje surdeigstartar kan ein bruke ei halv teskei tørrgjær eller ein ertestor klump med fersk gjær, og gjerne ein kork eplecidereddik.
  • Spelt kan bytast ut med kveitemjøl, men då vil eg tilrå å bruke rundt 50 gram ekstra med mjøl eller redusere væskemengda med 0,5 dl fordi spelt krev litt meir væske enn kveitemjøl.

 

Tips

  • Har du ikkje støypejernsgryte kan du bruke to brødformer på 1,5 liter i staden. Då bør omnen settast ned til 200 grader etter at brøda er komne inn i omnen.
  • Del brødet opp i skiver og frys ned. Då kan ein tine berre dei skivene ein treng enten på benken eller i brødristar.
  • Til nistemat smører eg som oftast på frosne skiver. Då held dei seg lenge og er tinte innan dei skal etast.

 

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.