Skinkesnurrar av surdeig

Skinkesnurrar av surdeig

Når vi skal ut og reise så har vi ofte med oss skinkesnurrar av surdeig. Då veit vi at vi har ei mettande niste som vi kan glede oss til. Dei er saftige og fulle av gode smakar. Tidlegare bakte eg skinkesnurrar med vanleg gjær, men no er dei gjort magevennlege ved å bake med spelt og surdeig. Ein kan bruke oppskrifta som utgangspunkt og ha i det fyllet ein ynskjer.

Ingrediensar til ca 20 skinkesnurrar

1 ss surdeigstartar

3,5 dl kaldt vatn

1 ts salt

50 g mjukt smør

600 g sikta spelt

Fyll:

75 g rømme

150 g fetaost naturell, smuldra

75 g riven kvitost

50 g riven parmesan

1 ss tørka oregano

200 g kokt skinke eller bogskinke på boks i terningar.

Eventuelt egg til pensling.

Ha vatn og surdeigstartar i ein bakebolle og rør godt. Ha i salt og ca 400 gram av mjølet. Elt godt og ha i smøret i fleire omgongar slik at det vert arbeidd godt inn undervegs. Ha i resten av mjølet litt etter litt til deiga så fast at ho slepp bollen. Juster med meir mjøl om det trengst.  Deiga skal ikkje vere klissete å ta på. Dekk til bollen med plast og sett til heving i romtemperatur i 8-14 timar.

Ha litt mjøl eller smør på benken og kjevle deiga til eit rektangel. Ha på fyllet og rull saman til ei lang pølse. Del opp i bitar på rundt 1,5-2 cm, eller i passe storleik etter din smak.

Sett dei på ei steikjeplate med bakepapir. Dekk til med plast og etterhev i 1-2 timar, eg lot dei stå i 1,5 timar. Pensle eventuelt med egg rett før steikjing.

Steikjast midt i omnen på 225 grader i ca 15 minutt. Avkjøl på rist.

 

Alternativ

  • Skinkesnurrane kan lagast laktosefrie ved å bruke laktosefrie mjølkeprodukt.
  • Sikta spelt kan bytast ut med kveitemjøl. Då kan det hende at ein må bruke litt meir mjøl i deiga for at ho skal få rett konsistens og sleppe bakebollen.
  • Har du ikkje surdeig kan du bruke 1/2 ts tørrgjær eller ein ertestor klump med fersk gjær, og gjerne ein kork med eplecidereddik i tillegg. Ein kan også erstatte noko av væska med myse. For eksempel 0,5 dl.
  • Deiga kan heve i kjøleskap i minst eit par dagar. Då bør snurrane etterheve litt lenger.
  • Ein kan bruke kjøleskapskaldt smør og bruke ostehøvel til å lage tynne flak som eltast inn i deiga.
  • Det går også an å ha i klara smør. Då er det lettast å ha det oppi saman med væska.
  • Rømmen kan bytast ut med kesam, yoghurt naturell eller creme fraiche.
  • Osten kan bytast ut med andre sortar eller ei blanding av fleire typar. Bruk det du likar eller har tilgjengeleg.
  • Noko av mjølet kan bytast ut med grovt mjøl som sammalen fin spelt.

Tips

  • Ein kan bruke same oppskrifta til å lage pizzasnurrar eller fylle dei med det ein har lyst på.
  • Skinkesnurrane kan godt frysast. Dei vert som nysteikte om ein tinar dei i omnen på rundt 150 grader.
  • Desse skinkesnurrane av surdeig er glimrande turmat.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.