Potetsalat

Heimelaga potetsalat

Potetsalat er standard på kaldtbordet eller til grillmaten. Det passar til både kjøt og fisk og er veldig godt til spekemat. Det tek heller ikkje allverda med tid å lage og den smakar mykje betre enn den ein får kjøpt i butikken. Eg tykkjer den er best når den får stå nokre timar slik at smakane får blanda seg skikkeleg.

Ingrediensar til 6 porsjonar

Ca 12 middels store poteter
3 dl rømme
2 dl surmjølk eller kefir
3 ss majones
1 ss sennep (kan sløyfast)
5 ss finhakka sylteagurk
2 ss lake frå sylteagurken (kan sløyfast)
1 liten purre i ringar eller i små bitar
1 ss sitronsaft
salt og pepar

Kok potetene med skal og avkjøl dei litt. Skrell og kutt potetene i terningar eller skiver.
Rør saman dei andre ingrediensane og smak til med salt og sitronsaft. Røra skal vere frisk og litt salt sidan potetene treng ein del salt. Tøm røra over potetene og rør forsiktig saman. Ha potetsalaten over i ei stor serveringsskål, dekk til med plast og sett den i kjøleskapet. Potetsalaten held seg eit par dagar i kjøleskap.

Alternativ:

  • Bytt ut purre med vårlauk eller graslauk
  • Surmjølka kan bytast ut med rømme
  • Surmjølk og rømme kan bytast ut med kesam eller creme fraiche.
  • Om ein ikkje brukar sylteagurk så kan ein erstatte den med å smake til med meir sitronsaft.
  • Ved å bruke laktosefri rømme og laktosefri biola så vert potetsalaten også laktosefri.
  • For mjølkefritt alternativ kan rømme og surmjøk bytast ut med mjølkefri yoghurt som for eksempel Alpro sin soyayoghurt naturell, Alpro sitt alternativ til kvarg som heiter Go on.
  • Potetene kan erstattast med andre kokte grønsaker som blomkål, sellerirot, søtpotet eller pastinakk.

Tips:

  • Ha potetsalat til pølser, grillmat eller steikt laks.
  • Server potetsalaten til roastbeef eller kald steik.
  • Lag spekemattallerken med ulike typar spekemat saman med potetsalat og flatbrød.
  • Potetsalaten kan lagast kvelden før, med fare for at den vert litt fast. Alternativt kan ein koke potetene og blanda saman sausen kvelden før og så blande dette på morgonen dagen etter.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.