Om bloggen

I mange år har eg sendt oppskrifter rundt til familie, vener og kjende. Det har etter kvart vorte litt uoversiktleg for både meg og mottakarane. I tillegg har eg nok vore ganske ivrig og bombardert enkelte i overkant med oppskrifter og tips. Derfor kom ideen om å lage ein blogg der eg kan samle alle oppskriftene mine på ein stad.

Det meste vert laga frå grunnen og eg prøver å bruke norske råvarer så langt det er mogeleg. Det er stadig utprøving av nye idear og oppskrifter på kjøkkenet mitt og eg kan bruke lang tid på å perfeksjonere ei oppskrift. Derfor var bloggnamnet ganske nærliggjande.

Eg har sjølv laktoseintoleranse og i kretsen rundt meg er det fleire med ulike allergiar og intoleranser. Det er ikkje alltid like enkelt å vite kva ein skal servere når ein får ein allergikar på besøk, spesielt om ein ikkje har erfaring med den type mat. Eg håpar derfor også å kunne vere ei hjelp til deg som ynkjer å lage mat som både smakar godt og som alle kan ete.

Bruk gjerne oppskriftene som inspirasjon og lag din eigen vri. Ynskjer du å publisere noko av det så set eg pris på om du lenkjer til kor du fann det. Alle bileta er mine og kan ikkje brukast av andre utan at eg er samd i det.

Legg gjerne att ein kommentar og eg vert veldig takknemleg om eg får ei melding dersom noko er feil i oppskriftene, virkar uklart eller har skrivefeil.

Ynskjer du kontakt med meg kan du sende meg ein e-post på provekjokkenet@gmail.com

Det er også mogeleg følgje bloggen på Instagram og Facebook.

Med helsing Sunniva