Lussekattar med surdeig

Lussekattar med surdeig

Denne gongen har eg bakt lussekattar med surdeig og spelt til Luciadagen. Sidan eg har ei såpass god oppskrift på bollar med surdeig så har eg teke utgangspunkt i same oppskrifta og tilført safran. Om ein ikkje vil bruke pengar på verdas dyraste krydder eller har tilgong på det så kan ein bruke gurkemeie i staden for å få gulfargen. Det går også fint å bruke begge deler om ein ynskjer både safransmak og skikkeleg gule lussekattar.

Lussekattar med surdeig kan lagast både mjølkefrie og utan egg om ein treng det.

Ingrediensar til ca 25 lussekattar

125 g smør

0,5 dl sukker, eg brukte rårørsukker

5 dl mjølk, eg brukte havremjølk

1 ss surdeigstartar

1/2 ts salt

1 ts kardemomme

1 g safran (10-15 trådar)eller 1/2 ts gurkemeie

650 g sikta spelt, eller meir til deiga ikkje er klissete.

Egg til pensling

Rosiner til pynt

Smelt smør i ei kasserolle og rør inn sukkeret. Ha i mjølka og safran/gurkemeie og bland godt. Tøm blandinga over i ein bakebolle og rør inn surdeigstartar, kardemomme og salt. Ha i halvparten av mjølet og bland det godt saman. Ha i resten av mjølet litt og litt, og elt godt i 5-10 minutt, gjerne i kjøkkenmaskin med eltekrok. Deiga skal vere smidig og sleppe bakebollen så juster med meir mjøl om det er nødvendig. Eg brukte denne gongen eit anna mjøl enn eg pleier og enda opp med å bruke rundt 750 gram. Dekk til med plast eller eit fuktig klede og la det stå og heve på benken i 8-14 timar.

Bak ut til lussekattar enten på ei bakematte eller med litt mjøl eller smør på benken og hendene.

Sett lussekattane på eit steikjebrett med bakepapir og dekk gjerne til med plast eller fuktig klede. La dei etterheve i  1-2 timar, mine sto vel i rundt 1,5 timar. Pensle med egg og pynt med rosiner.  Steikjast midt i omnen på 225 grader i 10-15 minutt. Avkjøl på rist.

 

Alternativ

  • Bruk laktosefri mjølk for laktosefrie lussekattar.
  • Lussekattane vert mjølkefrie ved å bruke plantemjølk eller vatn og mjølkefritt smør.
  • Om ein droppar å pensle med egg vert lussekattane eggefrie.
  • Spelt kan bytast ut med kveitemjøl, men då kan det hende at mengda må justerast. Då er det greitt å prøve seg litt fram til deiga er så fast at ho slepp bakebollen og ikkje klissar.
  • Har ein ikkje surdeigstartar kan ein bruke 0,5 ts tørrgjær eller ein ertestor klump fersk gjær, og gjerne ein kork eplecidereddik i tillegg.

Tips

  • Lussekattane kan godt frysast og tinar raskt i omnen.
  • Deiga settast i kjøleskap og stå der minst i eit par døgn. Då bør ho heve til romtemperatur før utbaking.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.