Lappar av restar av surdeigstartar

Pannekaker av surdeigstarter

Har du mata surdeigstartaren og har ein del surdeigstartar til overs? Du treng ikkje kaste det. Det kan nemleg verte til lappar. Min surdeigstartar er av svedjerug så for meg vart det grove ruglappar.

Sjølve mengda av kvar ingrediens er ikkje veldig nøye. Oppskrifta kan brukast som ein mal men det går fint å slumpe dette saman etter det du har i skapet.  Røra kan lukte noko syrleg men dette vert redusert når ein har i natron. Nokon vel å ha ein ganske flytande surdeigstartar og då kan det hende at røra vert litt tynn og dermed også tynnare lappar, nesten som pannekaker.

Ingrediensar til 8 små pannekaker

1 dl eller 4-5 ss boblande surdeigstartar

1 egg

1 ss sukker, eg brukte rårørsukker

1 krm kardemomme

1 krm kanel

1/2 ts salt

1 ts natron

 

Bland alt godt saman og steik i steikjepanne på middels varme med det same. Snu pannekakene når det boblar og har stivna litt på overflata. Pannekakene smakar best når dei framleis er litt varme.

 

Alternativ

  • Kryddera kan sløyfast eller varierast etter kva ein har i skapet.
  • Sukkeret kan bytast ut med kokossukker, kvitt sukker, litt honning eller andre sortar søtt.
  • Ved å blande inn ein mosa banan og eit ekstra egg får ein bananpannekaker.

 

Tips

  • Salt pålegg kan vere ulike typar kjøtpålegg eller ostar.
  • Søtt pålegg kan vere alt frå lønnesirup, banan, sjokoladepålegg eller sylte av ulike typar bær. Gjerne med ein klatt rømme eller yoghurt på.
  • Ein kan samle opp restar av surdeigstartar i frysaren og lage lappar seinare når det passar eller ein har stor nok mengde.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.