Kraft

Kraft

Skal ein lage gode supper, sausar og gryter så kjem ein ikkje unna å koke kraft. Buljongterningar er ikkje det same og ofte smakar dei berre salt. 
Ein kan finne ferdig kraft i nokre butikkar og gardsutsal. Eg kjøper sjølv ofte ferdig fiskekraft og den er god på smak. Men å koke kraft sjølv er mykje billegare og smakar vel så godt.
Framgongsmåten er omtrent den same uansett kva type kraft ein kokar. Men det er ulik trekkjetid for kvar råvare. 

 

Ingrediensar:  

Bein og avskjer av fugl, kjøt eller fisk
Vatn 

Valfritt:

Ein skvett syre som for eksempel eddik, vin eller sitron
Grønsaker, gjerne skrell og avskjer.
Nokre peparkorn og nokre krydderkvastar om ein har

Ha bein, grønsaker og eventuelt krydder i ei gryte. Hell i vatn til det dekkjer beina og ha i syra. Eg brukte rundt ei spiseskei eplecidereddik per liter vatn.

Varm forsiktig opp til kokepunktet og ta av skum. Det kan enten stå og småputre vidare på lav varme eller settast inn i omnen på 90 grader.

Fiskekraft kan stå inntil 2 timar.

Kyllingkraft kan stå rundt 4-6 timar, eller lenger men med fare for at det kan verte beiskt Kjøtkraft kan stå mellom 12 – 72 timar 
Grønsakskraft på kun grønsaker, krydder og vatn kan stå rundt 2 timar

Sil krafta og avkjøl. Om ein vil kan ein ta av feittlaget som hamnar på toppen. Krafta held seg nokre dagar i kjøleskapet, men enklaste er å fryse ned i passelege porsjonar. 


Tips:

  • Lag heilsteikt kylling til middag og kok kraft på beina etterpå.
  • Ta vare på avskjer og skrell frå grønsaker og friske urter og legg i ein pose i frysaren. Bruk det til kraftkoking når det passar. 
  • For kraftigare og mørkare kjøtkraft kan beina brunast i steikjeomnen på 200 grader i 15-20 minutt. 
  • For nøytral kraft kan grønsaker og krydder sløyfast 
  • Legg bein og avskjer frå middagslaging i frysaren og kok kraft på det seinare. 
  • Den ferdige krafta kan kokast inn slik at den vert meir konsentrert. 
  • Salt krafta når den vert brukt slik at det vert enklare å smake til rett mengde 
  • Frys ned kraft i isbitformer eller isbitposar sånn at det er enkelt å ta litt oppi ein saus eller bruk i staden for vatn i tacoen.
  • Ved bruk av Wonderbag bør krafta først ha minst ein halvtime på plata og seinare varmast opp til kokepunktet att minst kvar 12. time, elles kan krafta verte sur.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.