Knuste poteter

Gratinerte potetrester

Er du så heldig at du har kokt for mange poteter til middag så kan du lage knuste poteter av restane. Denne måten å bruke restar på gjer dei tristaste kokte potetene om til gourmet. Det fine er at ein kan lage mange variantar etter kva ein vel å ha oppå potetene. Derfor passar det til det meste.

 

Ingrediensar til 4 personar

8 middels store kokte poteter med eller utan skal

8 ts smør

Salt og pepar (rundt 3 ts salt og 1 ts pepar)

Krydder (kan sløyfast)

Riven ost, eg lagde nokre med Norvegia og nokre med Parmesan (kan sløyfast)

 

Varm omnen til 200 grader. Sett potetene på ei steikjeplate med bakepapir og klem dei litt flate med ein potetstappar, ei stor skei eller gaffel. Legg på smør med ostehøvel eller legg ein klatt smør på kvar potet. Ha på salt og pepar. Dryss på ost om du vel å bruke det. Ha eventuelt på ekstra krydder. Steikjast midt i omnen i rundt 30 minutt eller til dei er gyldne og gjennomvarme.

 

Alternativ

  • Sløyf osten eller bruk mjølkefri ost og mjølkefritt smør eller olje for mjølkefri variant.
  • Ved bruk av poteter med skal så kan ein godt fjerne litt av skalet på toppen etter at ein har klemt dei flate.

 

Tips

  • Dryss finhakka friske urter over potetene rett før servering.
  • Knuste poteter passar til det meste av steikt mat og er nydeleg til grillmat.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.