Kanelknutar av surdeig

Kanelbollar med surdeig og spelt

Desse kanelknutane av surdeig er nok det beste eg nokon gong har laga av surdeigsbakst. Det har vorte ein stor favoritt i heimen. Eg får lett magetrøbbel av vanleg gjærbakst og spesielt om det er bakt med kveitemjøl. Derfor var det heilt fantastisk å oppdage at ved å bruke spelt og surdeig så går det heilt fint. Det tek litt tid å bake med surdeig og eg pleier som oftast å lage fordeiga på morgongen, bollane kvelden og steikje dei på morgonen etter der igjen. Kor lang hevetid bollane treng kjem litt an på kor varmt det er i rommet. Om sommaren tek det som oftast kortare tid enn på vinteren.

Eg har teke utgangspunkt i NRK/Lise Finckenhagen si oppskrift på kanelknutar av surdeig men gjort nokre tilpassingar. Denne oppskrifta er enkel å gjere mjølkefri og er utan egg om ein droppar å pensle med det.

 

Ingrediensar til ca 20 kanelknutar

Fordeig:

2 ss surdeigstartar

250 g sikta spelt

250 g kaldt vatn (2,5 dl)

Bland godt saman i ein bakebolle og dekk til med plast eller eit lok. La det stå i 4-12 timar før resten av deiga lagast.

 

Deig:

Heile fordeiga som blei laga tidlegare

2,5 dl kaldt vatn eller valfri mjølk

10 g malen kardemomme

700 g sikta spelt

150 g sukker, eg brukte rårørsukker

1 ts salt

150 g smør, romtemperert i terningar

 

Fyll:

200 g smør, romtemperert

100 g sukker, eg brukte rårørsukker

100 g brunt sukker, eg brukte kokossukker

1 ts vaniljepulver eller vaniljesukker

3 ss kanel, eg brukte ceylonkanel

 

Egg til pensling (kan sløyfast)

Perlesukker til pynt (kan sløyfast)

 

Bruk gjerne ei kjøkkenmaskin til å lage deiga. Bland saman fordeiga, vatn eller mjølk, kardemomme og mjøl til ei litt hard deig. Ha i sukker og salt og elt dette godt inn. Rør inn smøret litt og litt og elt deiga godt i 5-10 minutt på lav fart slik at den vert smidig og elastisk. Dekk til bakebollen og la deiga stå og kvile i ein time.

Ha alle ingrediensane til fyllet i ei skål og rør godt saman slik at det vert godt blanda.

Ha mjøl eller smør på benken eller bruk ei silikonmatte til utbaking. Kjevl deiga ut til eit rektangel på ca 40 x 75 cm. Smør fyllet godt utover heile deiga. Brett den eine kortsida inn mot midten og brett den andre sida heilt over til motsett side. Kjevl litt forsiktig over slik at det vert litt tynnare og laga festar seg litt i kvarandre.

Del leiven opp i ca. 20 strimlar på rundt 2 cm. Tvinn remsa nokre gongar og snurr ho to eller fleire gongar rundt 2-3 fingrar før enden på remsa stikkast inn i holet i midten. Det er ikkje så nøye om ein ikkje får det heilt til. Eg surrar i hytt og pine og det vert gode bollar likevel.

Plasser kanelknutane på steikjeplate med bakepapir og dekk til med enten plast eller eit fuktig klede.

Sett kanelknutane til heving i romtemperatur i rundt 8 timar. Pensle eventuelt med egg og strø over litt perlesukker til pynt.

Steikjast midt i omnen på 215 grader i ca 10- 15 minutt.

 

Alternativ

  • Spelt kan bytast ut med vanleg kveitemjøl. Bruk gjerne økologisk.
  • For mjølkefri variant så kan ein bruke mjølkefritt smør og plantemjølk eller vatn.
  • Deiga kan kvile lenger enn en time om ein set ho i kjøleskapet.
  • Fyllet kan rørast saman i kjøkkenmaskin. Då kan ein også bruke kaldt smør.
  • Om ein ikkje pyntar med perlesukker kan ein ha på melisglasur ved servering.
  • Kanelknutane vert surare dess lenger dei står til heving. Om ein ynskjer ein meir syrleg variant kan ein la dei heve i rundt 12 timar.

 

Tips

  • Kanelknutane kan frysast og vert som nysteikte etter nokre minutt i steikjeomnen på ca. 150 grader.
  • Bollane settast direkte i kjøleskapet etter utbaking og der kan dei stå i inntil eit døgn.  Då bør dei heve i romtemperatur i rundt 4 timar før steikjing.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.