«Kan ikke la meg være»

Glutenfri dessert

«Kan ikke la meg være» er ein dessert som etter mi meining klarar å leve opp til namnet. Han er nok mest brukt på Vestlandet men er så god at det er på tide at fleire får glede av han. Det er ein frisk dessert som innheld lag av sitronfromasj, bringebærsylte og piska krem.

Desserten er naturleg glutenfri og vert mjølkefri om ein brukar mjølkefri fløyte som kan piskast.

Ingrediensar til 6 porsjonar

Sitronfromasj:

4 egg

100 g sukker, eg brukte rårørsukker

1/4 ts vaniljesukker (kan sløyfast)

1 sitron, gjerne økologisk

4 plater gelatin

I tillegg:

2-3 dl bringebærsylte (rundt eit halvt glas)

ca. 3 dl kremfløyte

Riven sjokolade eller friske bringebær til pynt (kan sløyfast)

Pisk egg og sukker til ein stiv eggedosis. Legg gelatinplanene i vatn.  Riv skalet av sitronen på den finaste delen av rivjernet og press safta. Varm opp sitronsaft og sitronskal.  Klem vatnet ut av gelatinen og løys han opp i den varme sitronsafta. Avkjøl og bland varmsamt inn i eggedosisen. Ha massa over i ei serveringsskål og la fromasjen stivne i kjøleskapet nokre timar.

Rett før servering: Smør forsiktig eit lag med bringebærsylte på toppen av sitronfromasjen. Pisk fløyten til krem og bre forsiktig kremen utover på toppen. Pynt med riven sjokolade eller friske bringebær.

Alternativ

  • Bruk mjølkefri piskbar fløyte for mjølkefri variant eller laktosefri kremfløyte for at det skal verte laktosefritt.
  • Vanleg kvitt sukker kan sjølvsagt nyttast.
  • Sukkeret kan bytast ut med sukrinmelis for sukkerfri variant av sitronfromasjen
  • Bringebærsylta kan bytast ut med andre sortar som passar saman med sitron.

Tips

  • Desserten passar godt til å lage i porsjonsskåler
  • Ha sitronfromasj, sylte og krem i kvar si skål så kan alle forsyne seg med dei mengdene dei vil av kvar sort.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.