«kan ikke la meg være» med appelsin og jordbær

Glutenfri dessert med appelsin og jordbær

Reklame for Gryr til matlaging.

Denne versjonen av «kan ikke la meg være» med appelsinfromasj og jordbærsylte laga eg til ei oppskriftskonkurranse som Sunniva (Tine) arrangerte på instagram. I forkant av konkurransen fekk eg tilsendt nokre boksar med fløyten og det var bra å ha dei i bakhand for det vart nokre runder før eg fekk oppskrifta til å bli sånn eg hadde tenkt. Eg tok utgangspunkt i oppskrifta på «kan ikke la meg være» og lagde denne varianten med appelsin og jordbær. Det er ein klassisk kombinasjon og resultatet blei veldig godt. Ein frisk dessert som passar perfekt i påska. Desserten er både mjølkefri og glutenfri.

 

Ingrediensar til 6 porsjonar

Appelsinfromasj:

4 egg

4 ss sukker

½ appelsin

6 plater gelatin

 

3 dl jordbærbærsylte

2 dl kremfløyte, eg brukte Gryr til matlaging frå Sunniva/Tine

1 ts vaniljesukker

 

Pisk egg og sukker til ein stiv eggedosis. Legg gelatinplanene i vatn.  Vask appelsina godt og riv den gule delen av skalet på den finaste delen av rivjernet. Press ut safta av appelsina. Ha både safta og skalet i ei kasserolle og varm opp.  Klem ut vatnet av gelatinen og løys opp i den varme appelsinsafta. Avkjøl og bland inn i eggedosisen. Ha i skål og sett i kjøleskapet nokre timar.

Smør forsiktig eit lag med jordbærsylte på toppen av fromasjen. Pisk fløyten saman med vaniljesukker til krem og legg oppå jordbærsylta. Kan pyntast med riven sjokolade, rive appelsinskal eller friske jordbær.

 

Alternativ

  • Desserten vert laktosefri ved å bruke laktosefri kremfløyte.
  • For mjølkefri variant så kan ein bruke piskbar plantebasert fløyte og mjølkefri sjokolade på toppen.

 

Tips

  • Lag gjerne appelsinfromasjen dagen før og ha på jordbærsylte og krem rett før servering.
  • Bruk gjerne heimelaga jordbærsylte med norske jordbær.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.