Julekombucha

Julekombucha

Julekombucha med smak av mandarin og krydder eller med gløggsmak om du vil. Ein variant som både luktar og smakar skikkeleg jul. I tillegg vert ofte mykje tung mat i både i tida før jul og i sjølve jula og då kan det vere greitt å støtte fordøyinga litt med mjølkesyrebakteriar.

Ingrediensar til rundt 1 liter julekombuca

9 dl ferdig kombucha

safta av ein mandarin (ca. 1 dl)

1/2 kanelstang

5 nellikspiker

3 skiver fersk ingefær

1 stjerneanis

1/2 vaniljestang delt på langs

Ha alt saman i ei flaske med vid nok tut til å få utatt kryddera eller i eit stort glas med tett kork. La det stå på kjøkkenbenken i 12-24 timar eller til det smakar passeleg av krydder. Ta ut kryddera og hell over på flaske om du brukte eit stort glas. Dersom det ikkje er noko særleg kolsyre så la flaska stå med tett kork på kjøkkenbenken til det er passeleg med futt i drikken. Sett flaska i kjøleskapet. Drikken held seg vekesvis så lenge han står kaldt.

 

Alternativ

  • Kryddera kan bytast ut med det meste av julekrydder ein måtte like eller ha i hus.
  • Ein kan kjøpe ferdig krydderblanding til gløgg og nytte 1-2 ss av denne i staden for kryddera i oppskrifta.
  • Mandarinen kan sløyfast eller bytast ut med appelsin, appelsinjuice, eplejuice eller eplemost. Ein kan også nytte ulike typar bær eller saft om ein ynskjer ein meir fruktig smak.
  • Ein kan nytte kjøpt kombucha enten naturell eller med smak. For eksempel kombucha med ingefær. Men då bør ein droppe fersk ingefær frå oppskrifta.
  • Har ein ikkje kombucha kan ein nytte vasskefir i staden.
  • Ha gjerne litt av skalet av mandarinen eller litt appelsinskal oppi i tillegg. Då er det lurt å bruke ein potetskrellar slik at ein ikkje får med noko særleg av det kvite sidan det kan gje beisk smak.
  • Ein treng i grunnen ikkje å ta ut kryddera men då vert smaken sterkare etter kvart.

Tips

  • Julekombucha kan godt serverast som eit kaldt alternativ til gløgg eller som eit alkoholdfritt alternativ til velkomstdrikk i juleselskap.
  • Server gjerne med isbitar om det skal halde seg kaldt ei stund.

 

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.