Iste med mynte og sitron

iste med mynte og sitron

Ein leskande iste med mynte og sitron er perfekt på varme dagar. Har ein fyrst planta mynte i hagen så brer den seg visstnok utover ganske raskt. Derfor fekk eg ein gong tips om å heller dyrke mynte i ei stor krukke. Alternativt kan ein sjølvsagt lage store mengder iste gjennom heile sommaren.

Eg har funne ut at det vert best resultat når ein kaldbryggar iste. Det tek litt lenger tid, men smaken vert mykje friskare. Noko som truleg kjem av at vatnet er meir oksygenrikt når det ikkje er kokt.

Ingrediensar til ein liter iste

ein neve ferske mynteblad

1-2 skiver sitron, helst økologisk

1 liter kaldt vatn

isbitar

Ha mynte, sitron og vatn i ein karaffel og la det stå og trekkje i minst eit par timar i kjøleskapet, eg pleier å la det stå over natta men det kan godt stå endå lenger. Smak undervegs og ta ut mynte og sitron når det er passe smak. Ha i masse isbitar og gjerne nye sitronskiver før servering. Pynt med nokre ferske mynteblad.

Alternativ

  • Dersom ein ynskjer ein søt iste så kan ein ha i litt lønnesirup eller røre ut litt honning eller sukker i litt kokande vatn og røre inn i den ferdige isteen.
  • Sitronen kan sløyfast eller bytast ut med for eksempel lime eller limejuice.
  • For meir smak kan ein ha i eit par posar te. For eksempel grøn te eller sitronte.
  • Ein kan nytte vatn med kolsyre om ein ynskjer det. I så fall må ein ha skikkeleg tett kork på karaffelen eller flaska.

Tips

  • Iste med mynte og sitron er eit godt alkoholfritt alternativ for eksempel som velkomstdrink.  Då kan ein godt lage ein variant med litt sukkerlake og ha i friske bær i glaset. For eksempel bringebær eller rips fungerer fint.
  • Ein kan fryse ned isbitar med ulike bær eller mynteblad og ha i karaffelen eller i kvart glas før servering.

 

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.