Heimelaga mjølkefri is

Heimelaga is utan mjølk

Det er ikkje alltid like enkelt å finne mjølkefri is og det kan det vere like greitt å lage han sjølv. Då har ein kontroll på ingrediensane og dessutan kan ein då lage favorittsmaken også. Dette er ei grunnoppskrift på mjølkefri is som ein kan variere etter kvar ein likar eller kva ein skal ha det attåt.

 

Ingrediensar til 4 porsjonar

4 eggeplommer
4 ss sukker (eg brukte rårørsukker)
1 boks piskbar mjølkefri fløyte, eg brukte Gryr frå Sunniva
1 ts vaniljepulver eller vaniljesukker

Eventuell smakstilsetting. Eg brukte 2 dl espresso for kaffismak.

Pisk eggeplommer og sukker til eggedosis. Pisk fløyten til krem saman med vaniljen. Kremen treng ikkje vere heilt stivpiska. Bland forsiktig eggedosisen og kremen saman. Rør inn evetuell smakstilsetting.
Frys blandinga og rør gjerne kvar time for å unngå at det krystalliserer seg.
Alternativt kan ein køyre blandinga i ismaskin om ein har det.

 

Alternativ:

  • Ein kan bruke ein vanleg boks kremfløyte eller laktosefri kremfløyte om ein tåler det.
  • I staden for sukker kan ein bruke kokosblomstsukker eller andre sukkererstatningar. Men det kan påverke smaken.
  • Om ein byter ut fløyten med kokoskrem (det harde på toppen av ein boks kokosmjølk) vert det kokosis.
  • Smakstilsetning kan vere alt mogeleg. Nokre alternativ er hakka sjokolade eller hakka oreokjeks, det meste av frukt og bær (juster sødme etter behov), kakao eller karamell og neter.
  • Rør inn litt fruktmos, sjokoladesaus eller sylte når isen er halvfrosen slik at det vert marmorert mønster.

 

Tips:

  • Lag saus av frukt eller bær ved å koke dei saman med litt sukker og mose med stavmiksar.
  • Bruk isen attåt eplekake eller smuldrepai.
  • Strø over heimelaga granola for litt sprøtt på toppen

 

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.