Halvgrovt glutenfritt brød

Grovt glutenfritt brød

Glutenfritt brød treng ikkje vere så vanskeleg å lage. Dette er ei grunnoppskrift på eit halvgrovt glutenfritt brød som eg ofte varierer med å bruke opp restar av ulike typar glutenfrie mjøltypar, frø og mjølblandingar eg har i skuffer og skap. Det er som alle glutenfrie brød best den dagen det er bakt og bør frysast når det er avkjølt. Del det gjerne i skiver og tin direkte i brødristar. Då vert det nesten som nybakt att. Til glutenfri baking er det lettast å bruke kjøkkenmaskin. Eg brukte Kenwood med k-krok.

I tillegg til å vere glutenfritt er brødet også utan mjølk og egg.

 

Ingrediensar til eitt brød

5 dl fingervarmt vatn

1/2 pk gjær

1 ss fiberhusk

1 ts sukker eller sirup (kan sløyfast)

1/2 ts salt

1/2 ts bakepulver (kan sløyfast)

0,3 dl olje eller smelta smør

1 ss linfrø

100 g glutenfrie havregryn

300 g grov glutenfri mjølblanding, eg brukte Semper grov miks

100 g fin glutenfri mjølblanding, eg brukte Semper fin miks

 

Ha vatnet i bakebollen til kjøkkenmaskina og rør inn gjæra. Pisk inn fiberhusk med ein handvisp og la det svelle i 10 minutt. Bland det tørre og tilsett det saman med oljen/smøret. Elt godt saman i 5-10 minutt på middels fart på kjøkkenmaskina.

Bruk ein slikkepott og ha deiga over i ei smurt brødform som tek minst 1,5 liter. Glatt litt utover på toppen slik at deiga vert jamnt fordelt. Dekk til med plast og la det heve i rundt 40 minutt eller til ca. dobbel storleik. Ta av plasten og pensle gjerne med vatn og strø over litt frø eller havregryn til pynt.

Steik nederst i omnen på 200 grader i rundt 45 minutt. Om ein ynskjer ei tjukk skorpe så kan ein ta brødet ut av forma dei siste 5 minuttane av steikjetida.

 

Alternativ

  • Alt eller delar av vatnet kan bytast ut med valfri mjølk.
  • Ein kan variere mjølet med det ein har liggande så lenge det vert rundt 500 g til saman. Eg brukar ofte å erstatte 100g av den grove mjølblandinga med bokkveitemjøl.
  • Droppar ein havregryna og fin mjølblanding passar det med ein heil pakke grov glutenfri mjølblanding på 500 gram.
  • Ha gjerne i andre sortar frø som solsikkekjerner, sesamfrø eller chiafrø.
  • Tredoble gjerne oppskrifta og lag 3 brød i slengen. Då held det med å bruke ein pakke gjær.
  • For lysare brød kan ein nytte meir fin glutenfri mjølblanding og mindre grov mjølblanding.

 

Tips

  • Oppskrfta kan brukast til rundstykkjer. Ha litt olje eller vatn på hendene eller bruk sprøytepose til å sette rundstykkja på ei steikjeplate med bakepapir. Dekk til med plast og la dei stå og heve i rundt 30 minutt. Steikjast midt i omnen på 225 grader i rundt 15 minutt. Rundstykka bør frysast når dei er kalde. Kan tinast direkte i steikjeomnen på 150 grader i 5-10 minutt.
  • Brødet eller rundstykkja er perfekte å ha attåt salat eller suppe.

 

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.