Gulrotsuppe

Glutenfri suppe

Gulrotsuppe med ein liten asiatisk vri. Ho er også naturleg glutenfri og mjølkefri.

Ingrediensar til 4 porsjonar:

2 ss olje
2 sjalottlauk, finhakka
1 fedd kvitlauk, finhakka
2 – 4 ts raud karripasta (2 er mildt og 4 er sterkt)
1 kg gulrøter i bitar
8 dl kraft, buljong eller vatn
2 ss kokoskrem (det harde som er på toppen av ein boks kokosmjølk)
Salt og pepar

Ha smør eller olje i ei gryte og tilset lauk og kvitlauk. La det surre til lauken er mjuk på middels varme. Tilsett red curry paste og la den få surre litt for å utvikle smakane. Ha i gulrøtene og krafta. La det koke til gulrøtene er møre. Bruk stavmiksar til suppa er jamn og utan klumpar. Ha i kokoskremen og smak til med salt og pepar.

 

Alternativ:

  • Kokoskremen kan bytast ut med kokosmjølk, creme fraiche eller fløyte. Då kan det vere lurt å smake seg fram til passe mengd.
  • Raud karripasta finn ein i dei fleste daglegvarebutikkane. Eg brukte den frå Santa Maria. Men den kan bytast ut med ulike krydder. For eksempel chili, fersk ingefær, koriander og pepar. Ta det du likar og har i skapet.
  • Lauken og kvitlauken kan sløyfast eller bytast ut med purre, gul lauk, raudlauk eller vårlauk.

 

Tips:

  • Steikte kyllingbitar, steikt laks eller sprøsteikt bacon er godt attåt
  • Server med ein klatt rømme og strø over litt raspa ost
  • Ha gjerne rundstykkjer eller brød ved sida av.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.