Glutenfritt fransk landbrød med surdeig

Glutenfritt fransk landbrød med surdeig

Eg er i gong med å eksperimentere med glutenfri surdeigsbakst og har prøvd å bake Pappa uten gluten sitt glutenfritt fransk landbrød med surdeig. Det vart vellukka og ein trengde ikkje vente til det var avkjølt med å ta seg ei skive. (Gluten)Frida som surdeigstartaren min heiter er sprudlande glad og produserer no luftig og god bakst. Det er ikkje surt i det heile og det er eit godt teikn på ein god kultur. Surdeig gjer at brødet held seg lenger utan å verte tørt og det veit alle som bakar glutenfritt at kan vere ein fordel.

Eg lagde brødet som grytebrød fordi eg tykkjer vert ekstra saftig og får ei nydeleg skorpe på den måten. Men har du ikkje støypejernsgryte så kan ein bruke brødform eller ei eldfast form i staden.

Brødet er utan gluten, egg og mjølk.

Ingrediensar til eit stort brød

500 g lyst glutenfritt mjøl, eg brukte halvparten Semper fin og halvparten Toro lys mjølblanding

100 g Jyttemjøl (blått som no heiter Arv)

2 ss fiberhusk

1 ts bakepulver

1 ts salt

6 dl kaldt vatn

2 ss glutenfri surdeigstartar

1/2 dl olje eller smelta mjølkefritt smør

Ha mjøl, fiberhusk, bakepulver og salt i ein bakebolle og bland saman. Rør saman vatn, surdeigstartar og olje og ha dette i bakebollen. Rør det saman enten for hand eller med kjøkkenmaskin. Ein treng ikkje elte noko særleg utover å få det godt blanda slik at det ikkje vert klumpar. Deiga skal vere litt klissete så ha i meir væske om det virkar tørt. Dekk til bakebollen og sett til heving i romtemperatur i rundt 8-10 timar, eg lot mitt stå over natta. Ha eit bakepapir i ei stor skål eller ein bakebolle og tøm deiga over. Sett til etterheving i rundt ein time. Snitt eventuelt mønster i brødet med ein skarp kniv, skalpell eller barberblad rett før steikjing.

Sett ei støypejernsgryte med lok i kald omn og sett omnen på 240 grader. Når omnen er varm så ta ut gryta og ha brødet over i gryta ved å halde i endane på bakepapiret. Sett på loket og sett gryta innatt i omnen. Steik i 30 minuttar og ta av loket. Senk temperaturen til 215 grader og steik vidare i rundt 20 minutt eller til kjernetemperaturen viser rundt 97 grader om ein brukar steikjetermometer. Avkjøl brødet på rist utan å dekke det til med klede sånn at skorpa held seg sprø.

Alternativ

  • Ein kan byte ut det lyse mjølet med andre typar. Då kan det hende at ein må ha litt meir væske i for det kan svelle litt meir.
  • Vatnet kan bytast ut med valfri mjølk.
  • Ein kan steikje brødet på andre måtar enn i gryte. Form det til eit stort eller to små brød og sett dei på eit steikjebrett med bakepapir, eller ha dei i brødformer eller eldfaste former. Steikjast nederst i omnen på 200 grader i 40-45 minutt. Bruk gjerne steikjetermometer. Det skal ha mellom 96 og 98 grader når det er ferdig.

Tips

  • Del brødet i skiver før frysing så tinar det raskt i brødristaren og ein slepp ta opp meir brød enn ein treng.
  • Brødet passar godt attåt suppe eller salat.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.