Glutenfrie grove surdeigsrundstykkjer med havre

Glutenfrie grove surdeigstrundstykkjer med havre

Denne gongen har eg brukt (gluten)Frida til å bake glutenfrie grove surdeigsrundstykkjer med havre.  Det virkar som om surdeigsbaksten held seg saftig lenger enn som vanleg glutenfri gjærbakst. Sidan denne baksten ikkje inneheld gluten så er det ikkje nødvendig å elte så mykje. Ein må berre sjå til at det vert skikkeleg blanda for det er ikkje spesielt godt å møte på klumpar med glutenfritt mjøl i den ferdige baksten.

Oppskrifta er i tillegg til å vere glutenfri også utan egg og mjølk.

Ingrediensar til ca 12 rundstykkjer

100 g havregryn

100 g blått jyttemjøl (Arv)

200 g grov glutenfri mjølblanding, eg brukte Møllerens grove mjølblanding

100 g fin glutenfri mjølblanding, eg brukte Toro lys mjølblanding

1 ss fiberhusk (8 gram)

1 ts salt

5 dl kaldt vatn

1 ss glutenfri surdeigstartar

3 ss olje eller smelta smør

Bland havregryn, mjøl, fiberhusk og salt godt saman i ein bakebolle. Mål opp vatn i eit litermål og rør inn surdeigstartar og olje/smør. Ha væska over i bakebollen og bland godt saman slik at det ikkje vert klumpar. Dekk til bakebollen og sett til heving i romtemperatur i 8-10 timar, eg lot det stå over natta.

Bruk ei skei dyppa i vatn og form deiga til rundstykkjer. Sett dei utover eit steikjebrett med bakepapir på og dekk til med plast eller eit klede slik at det ikkje tørkar ut. Sett til etterheving i rundt ein time. Dei etterheva forresten ikkje så mykje så dei kan trygt lagast middels store.

Steikjast på 225 grader midt i omnen i rundt 20 minutt. Avkjøl på rist og frys ned dersom det vert nokon att.

Alternativ

  • Ha gjerne i litt frø for ekstra smak.
  • Havregryna kan bytast ut med andre typar glutenfritt mjøl eller ei blanding av ulike frø.
  • Pensle gjerne med egg og strø på valmuefrø eller annan pynt rett før steikjing.
  • Har du ikkje surdeigstartar kan du bruke 1/2 ts tørrgjær og gjerne ein kork eddik i staden.

Tips

  • Rundstykkja eignar seg godt til å frysast ned. Dei tinar raskt i omnen og vert då nesten som nysteikte.
  • Lag deiga og sett ho i kjøleskapet dersom det ikkje passar å steikje rundstykkja etter 10-12 timar. Ta då ut deiga og sett ho i romtemperatur i rundt 8 timar før utbaking. Ein kan også sette ferdig heva deig i kjøleskapet men då bør ein passe godt på så det ikkje vert overheva og dett saman.
  • Ein kan doppe etterhevinga. Då bør ein handtere deiga forsiktig og sette deiga i klattar med ei skei utover steikjebrettet.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.