Glutenfrie grove rundstykkjer

Glutenfrie grove rundstykkjer

På frukostbordet til allergikarane er det populært med glutenfrie grove rundstykkjer. Dei har litt smak og er både saftige og luftige når dei er ferske eller tinte i omnen. Som all anna glutenfri bakst så vert det tørt med tida, men dei held seg ei stund. Ynskjer du å lage ein fin variant så har eg også ei oppskrift på glutenfrie fine rundstykkjer.

Denne oppskrifta på glutenfrie grove rundstykkjer er også utan egg og mjølk.

Ingrediensar til eit brett (ca 12 stk)

5 dl vatn, fingervarmt

1/2 pk gjær

1 ss fiberhusk

1 ss chiafrø (kan sløyfast)

1/2 ts salt

3 ss smelta mjølkefritt smør eller olje

1 ts honning (kan sløyfast)

50 g glutenfrie havregryn

100 bokkveitemjøl

350 g grov eller fin glutenfri mjølblanding, eg brukte halvt om halvt med Semper fin og grov glutenfri mjølblanding

Ha vatnet i ein bakebolle og rør ut gjæra. Pisk inn fiberhusk og la det stå og svelle i 5 minutt. Ha i resten av ingrediensane og elt godt saman til ei klissete deig. Bruk ei skei dyppa i vatn og form til rundstykkjer. Sett dei utover ei steikjeplate med bakepapir. Dekk til med plast og sett til heving i rundt 40 minutt. Pensle med litt vatn og strø gjerne litt valmuefrø eller havregryn på toppen til pynt.

Steikjast midt i omnen på 225 grader i ca. 15 minutt. Avkjøl på rist og gjerne under ei klede.

Alternativ

  • Mjølet og havregryna kan bytast ut med andre sortar. Det skal til saman vere rundt 500 gram.
  • Treng det ikkje vere mjølkefritt kan ein nytte vanleg smør.
  • Om det ikkje skal vere utan egg så kan ein pensle rundstykkja med samanvispa egg før steikjing.
  • Ein kan lage kaldheva glutenfrie grove rundstykkjer. Då brukar ein 1/2 ts tørrgjær og kaldt vatn. Så kan dei heve under plast på steikjebrettet over natta før steikjing.

Tips

  • Lag dobbel eller trippel oppskrift og frys ned. Dei tinar raskt i omnen.
  • Rundstykkja er gode både med pålegg eller attåt salat eller suppe.
  • Ein kan bake brød av same oppskrifta. Då steikjast det nederst i omnen på 200 grader i rundt 45 minutt.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.