Focaccia med surdeig (eltefri)

Focaccia med surdeig

Endeleg fekk eg bakt focaccia med surdeig og no lurer eg på kvifor eg ikkje har gjort det før. Noko så lettvint og godt. Eg sette deiga på kvelden og steikte morgonen etter. Når ein bakar eltefri focaccia med surdeig vert det ein litt seigare og meir smakfull variant.

Denne oppskrifta er basert på spelt og er utan egg og mjølk.

Om du har litt betre tid så har eg også ei oppskrift på surdeigsfoccacia med elting.

Ingrediensar til ei langpanne på ca. 30×40 cm

2 ss surdeigstartar

5,5 dl kaldt vatn

10 g salt

800 g sikta spelt

Olivenolje

Maldonsalt

Rosmarin, tørka eller fersk

Bland raskt saman surdeigstartar, vatn, salt og sikta spelt for hand i ein bakebolle. Ha deiga rett oppi ei langpanne med bakepapir og fordel deiga jamnt utover. Dekk til med plast og sett til heving i romtemperatur i 8-12 timar.

Stikk fingrane ned i deiga her og der for å lage nokre små groper. Drypp olivenolje utover og dryss på med salt og rosmarin.

Steik på 225 grader midt i omnen i ca. 30 minutt. Avkjøl på rist.

Alternativ

  • Sikta spelt kan bytast ut med kveitemjøl eller andre mjølsortar
  • Deiga kan settast rett i kjøleskapet til dagen etter og heve på benken i rundt 5-6 timar eller til dobbel storleik før steikjing.
  • Rosmarin kan bytast ut med andre krydder.
  • Ha gjerne litt fetaost, chorizo eller oliven i skiver på toppen før steikjing.
  • Surdeigstartaren kan bytast ut med 1 ts tørrgjær og gjerne 1 ss eplecidereddik i tillegg.

Tips

  • Focaccia passar godt attåt suppe, pasta eller salt.
  • Del focacciaen på langs og ha i godt med pålegg. Det blir ei veldig god niste på tur.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.