Fletteloff av surdeig

Ein magevennleg fletteloff av surdeig og bakt med spelt. Han passar godt til supper, pastarettar eller salatar. Eller ein kan kose seg med eit par skiver fletteloff med smør og ost på.

Ingrediensar til 2 fletteloffar (eller ein veldig stor)

1 ss surdeigstartar

3,5 dl kaldt vatn

1 ts salt

ca 600g sikta spelt

50 g smør, romtemperert i terningar

Eventuelt eit egg til pensling og litt valmuefrø til å drysse på toppen.

 

Ha vatn og surdeigstartar i ein bakebolle og rør godt. Ha i salt og 400 g av mjølet. Elt godt og ha i smøret i fleire omgongar slik at det vert arbeidd godt inn undervegs. Ha i resten av mjølet litt etter litt til deiga er fast og slepp bollen.  Det skal ikkje vere klissete så juster med meir mjøl om det trengst. Dekk til bollen med plast og sett til heving i romtemperatur i 8-14 timar.

Ha litt mjøl eller smør på benken om deiga er litt klissete. Del deiga fyrst i to og så kvar del i tre like store delar og trill til lange pølser. Ha dei over på ei steikjeplate med bakepapir og flett dei saman. Dekk til med plast og etterhev i 1-2 timar, eg lot det stå i 1,5 timar.

Om du vil kan du rett før steikjing pensle med egg og drysse på valmuefrø.

Steikjast midt i omnen på 210 grader i ca 30 minutt. Den er ferdig når ein hul lyd når ein bankar på undersida av loffen. Avkjøl på rist, gjerne under eit klede.

 

Alternativ

  • Ved å bruke mjølkefritt smør vert fletteloffen utan mjølk
  • Sikta spelt kan bytast ut med kveitemjøl.
  • Inntil halvparten av mjølet kan bytast ut med f.eks fin sammalen spelt eller anna grovare mjøl.
  • Vatnet kan bytast ut med valfri kald mjølk.
  • Det går an å bruke smelta smør. Då bør ein ha det oppi saman med væska før ein har i mjøl.
  • Ha i ei raspa gulrot for å få gulrotloff.

Tips

  • Del fletteloffen i bitar eller skiver og frys ned. Då går det raskt å tine når ein berre skal ha nokre skiver.
  • Fletteloff av surdeig passar godt på tapasbordet.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.