Flettekringle med surdeig

Flettekringe med surdeig

Sidan bolleoppskrifta med surdeig vart så god å jobbe med så fann eg ut at eg skulle prøve å bruke same oppskrifta til å bake flettekringle med surdeig også. Resultatet vart veldig godt, men kringla vart gigantisk så eg har redusert oppskrifta slik at ho vert meir passeleg i storleik.

Kringla kan lagast utan laktose, mjølk og egg.

 

Ingrediensar til ei stor kringle

75 g smør

30 g sukker, eg brukte rårørsukker

3 dl mjølk, eg brukte havremjølk

1 ss surdeigstartar

1/2 ts salt

1 ts kardemomme

ca. 400 g sikta spelt

Egg til pensling

Fyll:

2 dl vaniljekrem

30 g mjukt smør

60 g sukker, eg brukte 30 g lyst rårørsukker og 30 g kokossukker

1-2 ss kanel

Eventuelt melis til glasur.

Smelt smør i ei kasserolle og ha i sukker. Rør til mesteparten av sukkeret er løyst opp. Ha i mjølka og bland godt. Tøm blandinga over i ein bakebolle og rør inn surdeigstartar, kardemomme og salt. Ha i halvparten av mjølet og bland det godt saman. Ha i resten av mjølet litt og litt, og elt godt i 5-10 minutt, gjerne i kjøkkenmaskin. Deiga skal vere smidig og sleppe bakebollen så juster med meir mjøl om det er nødvendig.  Dekk til med plast og la det stå og heve på benken i 8-14 timar, eg lot deiga stå i 10 timar.

Ha deiga på benken med litt mjøl eller smør på om ho er litt klissete. Del deiga i tre like store delar og kjevle kvar del til eit langt rektangel, rundt 7-10 cm brei og kanskje 60 cm lang (måla er ikkje så nøye). Fyll den eine med litt over halvparten av vaniljekremen og dei to andre med smør, kanel og sukker. Rull kvar enkelt saman til ei pølse og legg dei på ei steikjeplate med bakepapir. Flett dei tre pølsene saman og dekk til med plast. Sett til etterheving i rundt ein time. Pensle kringla med samanvispa egg og legg på vaniljekrem i ei stripe langs med midten.

Steik kringla midt i omnen på 200 grader i ca 30 minutt. Avkjøl på rist.

Lag melisglasur av melis og vatn og ha på kringla når ho er heilt avkjølt.

 

Alternativ

  • Bruk laktosefrie mjølkeprodukt for laktosefri variant.
  • Kringla vert mjølkefri ved å bruke mjølkefritt smør og plantebasert mjølk.
  • Om ein ikkje lagar vaniljekrem frå grunnen sjølv så får ein kjøpt posar med kakefyll i dei fleste butikkar som ein også kan lage med plantemjølk.
  • Ein kan droppe vaniljekremen og bruke berre smør, sukker og kanel i alle delane.
  • Fyllet kan varierast. For eksempel bringebærsylte eller nugatti.

Tips

  • Kringla kan godt frysast men helst utan glasur.
  • Om det er vanskeleg å få fletta delane så kan ein tvinne delane rundt kvarandre i staden.
  • Dersom kringla vert litt mørk på slutten av steikjinga kan ho flyttast ned i omnen eller dekkast til med litt bakepapir.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.