Fine surdeigsrundstykkjer

Fine surdeigsrundstykkjer med elting

Eg har prøvd mange oppskrifter på fine surdeigsrundstykkjer men eg har ikkje funne ei oppskrift kor deiga kunne formast etter å ha heva og som ser ut som vanlege rundstykkjer. Så eg vart utruleg nøgd då eg til slutt fekk det til. Desse vart luftige og samtidig saftige og smakfulle. Dei er visstnok dei beste rundtykkja eg har bakt, og eg har no bakt ein del rundstykkjer opp gjennom åra. Det er berre å bake mange med ein gong for desse går unna. Dei passar både til å ha pålegg på og attåt suppe.

Desse surdeigsrundstykkja kan lagast utan mjølk og egg.

 

Ingrediensar til rundt 25 rundstykkjer (2 brett)

2 ss surdeigstartar

7 dl kald mjølk eller vatn

1 ts salt

1,2 kg sikta spelt

100 g smør, romtemperert i terningar

Eventuelt eit egg til pensling.

 

Ha mjølk eller vatn og surdeigstartar i ein bakebolle og rør godt. Ha i salt og 1 kg av mjølet. Elt godt og ha i smøret i fleire omgongar slik at det vert arbeidd godt inn undervegs. Ha i resten av mjølet litt etter litt til deiga så fast at ho slepp bollen. Juster med meir mjøl om det trengst. Dekk til bollen med plast og sett til heving i romtemperatur i 8-14 timar.

Form til rundstykkjer og sett på ei steikjeplate med bakepapir. Dekk til med plast og etterhev i 1-2 timar, eg lot dei stå i 1,5 timar.

Om du vil kan du rett før dei skal steikjast lage eit kryss med ein skarp kniv på toppen av kvart rundstykkje og pensle med egg.

Steikjast midt i omnen på 225 grader i ca 15 minutt. Avkjøl på rist, gjerne under eit klede.

 

Alternativ

  • Bruk mjølkefritt smør og plantebasert mjølk eller vatn for mjølkefrie rundstykkjer
  • Ved å bruke laktosefri mjølk vert rundstykkja laktosefrie.
  • Sikta spelt kan bytast ut med kveitemjøl. Då kan det hende at ein må bruke litt meir mjøl i deiga for at ho skal få rett konsistens og sleppe bakebollen.
  • Har du ikkje surdeig kan du bruke 1/2 ts tørrgjær eller ein ertestor klump med fersk gjær, og gjerne ein kork med eplecidereddik i tillegg. Ein kan også erstatte noko av væska med myse. For eksempel 0,5 dl.
  • Sprekk rundstykkja veldig under steikjing så kan det vere at dei burde etterheve litt lenger neste gong.
  • Strø valmuefrø på toppen etter å ha pensla med egg. Dersom ein ikkje kan ete egg så kan ein pensle med vatn.
  • Deiga kan heve i kjøleskap i minst eit par dagar. Då bør rundtstykkja etterheve minst til dei har fått romtemperatur før steikjing.
  • Ein kan bruke kjøleskapskaldt smør og bruke ostehøvel til å lage tynne flak som eltast inn i deiga.
  • Det går også an å ha i klara smør. Då er det lettast å ha det oppi litt og litt med ei skei.

Tips

  • Oppskrifta kan brukast som grunndeig til alt frå loff til pizzabotn.
  • Rundstykkja passar godt attåt for eksempel suppe eller salat.
  • Rundstykkja kan godt frysast. Dei vert som nysteikte om ein tinar dei i omnen på rundt 150 grader.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.