Eplegløgg

Hjemmelaget eplegløgg

Eplegløgg må eg ha i adventstida kvart år. Eg er veldig glad i gløgg og lagar gjerne fleire fleire variantar. Heimelaga gløgg er veldig enkelt og i tillegg slepp ein sukkeret som er i den ein finn i butikken. Denne varianten er basert på eplemost og er alkoholfri.

 

Ingrediensar til 1 liter eplegløgg (4 koppar)

1 liter eplemost (eller sterk saft)
1 vaniljestang delt på langs
3 stjerneanis
1 kanelstang
10 nellikspiker
1 cm fersk ingefær i skiver 
omtrent 1 ss honning til å justere sødmen

Kok opp eplemosten og ha oppi krydder. La det stå og trekkje i minst ein time. Smak til med honning.


Alternativ:

  • Ulike typar saft kan brukast. For eksempel solbærsaft, blåbærsaft eller appelsinjuice.
  • Varier krydderet for å få ulike smakar. Laurbærblad eller heile peparkorn er gode alternativ.
  • Saft eller skiver av appelsin eller sitron gjer smaken friskare. 
  • Bytt ut honning med ein av sukrinvariantane, sukker, sirup eller annan type søtning.

Tips:

  • Server med hakka mandlar og rosiner
  • Lag ein stor porsjon og ha i ei flaske i kjøleskapet. Då er det enkelt å varme oppatt i porsjonar.
  • For ein alkoholhaldig variant så kan ein bruke 2 dl rom eller annan sprit. Pass då på å ha det oppi etter at eplemosten har kokt opp for å unngå at spriten fordampar.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.