Bringebærsylte

Bringebærsylte

Heimelaga bringebærsylte er både utruleg enkelt å lage og smakar mykje betre enn den ein får kjøpt ferdig. Då har ein også kontroll på ingrediensane og kan justere sukkermengda. Eg likar at sylta er litt frisk og brukar derfor ganske lite sukker. Men det er berre å ha i meir sukker om du tykkjer det vert for syrleg. Det kjem også an på kor syrlege bæra er så det beste er uansett å smake seg fram. Denne oppskrifta har eg tilpassa mengda ein får kjøpt i posar med frosne bringebær for å gjere det lettvint, men det beste er sjølvsagt å fryse ned norske bringebær i sesong.

Ingrediensar

400 g bringebær (kan vere frosne)

150 g sukker, eg brukte lyst rårørsukker

2 ss syltepulver til koking (kan sløyfast)

Kok opp bringebæra i ei kasserolle og rør inn syltepulveret. La det koke i 2 minuttar og ta kaserolla av plata. Ha i sukkeret og rør til alt er løyst opp. Smak eventuelt til med meir sukker.

Ha over på glas og avkjøl.

Alternativ

  • Det finst også syltepulver til frysing som ein kan bruke. Følg då framgongsmåten som er skildra på pakken.
  • Sukkeret kan bytast ut med andre sortar søtt.
  • Om du ikkje vil bruke syltepulver så kan du for eksempel røre ut ei ss gelatinpulver i litt kokande vatn og røre inn blandinga i sylta medan ho er varm.
  • Bland gjerne ulike typar bær. For eksempel rips og bringebær er ein god kombinasjon. Sidan rips er meir syrleg må ein då kanskje ha i litt meir sukker.

Tips

  • Frys ned sylta i porsjonar så held ho seg lenger.
  • Bruk helst sterilisterte glas. Det kan gjerast enten i kokande vatn eller i steikjeomnen ved å sette glasa inn i kald omn og varme opp til rundt 100 grader.
  • Ei god bringebærsylte er perfekt å bruke i dessert. For eksempel «kan ikke la meg være«.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.