Bollar med surdeig

Bollar med surdeig

Til fastelavn har eg denne gongen bakt bollar med surdeig og spelt. Det var fyrste gongen eg bakte bollar med surdeig og eg var veldig spent på resultatet, spesielt fordi oppskrifta blei til litt undervegs i bakinga. Men for nokre fantastisk mjuke og lette bollar det vart. Eg trur faktisk at det er dei beste bollane eg har bakt nokon gong.

Husk at mjøl frå ulike produsentar kan ha litt ulike eigenskapar og proteininnhald slik at det kan vere lurt å halde att litt på mjølet og justere litt undervegs til deiga har nokolunde rett konsistens og slepp bakebollen. Spelt kan også svelle ein del slik at det er betre å ta litt mindre mjøl i starten og sjå det litt an etter å ha elta litt.

 

Ingrediensar til 20 middels store bollar

125 g smør

0,5 dl sukker, eg brukte rårørsukker

5 dl mjølk

1 ss surdeigstartar

1/2 ts salt

1 ts kardemomme

650 g sikta spelt

Egg til pensling

 

Smelt smør i ei kasserolle og ha i sukker. Rør til mesteparten av sukkeret er løyst opp. Ha i mjølka og bland godt. Tøm blandinga over i ein bakebolle og rør inn surdeigstartar, kardemomme og salt. Ha i halvparten av mjølet og bland det godt saman. Ha i resten av mjølet litt og litt, og elt godt i 5-10 minutt, gjerne i kjøkkenmaskin. Deiga skal vere smidig og sleppe bakebollen så juster med meir mjøl om det er nødvendig.  Dekk til med plast eller eit fuktig klede og la det stå og heve på benken i 8-14 timar.

Bak ut bollane enten på ei bakematte eller med litt mjøl eller smør på benken. Eg er ikkje så flink til å trille bollar så eg forma dei i staden ved å brette kantane til undersida til dei vart fine runde bollar.

Sett bollane på steikjebrett med bakepapir og dekk til med plast. La dei etterheve i  1-2 timar, mine sto vel i rundt 1,5 timar. Pensle med egg og steik dei midt i omnen på 225 grader i 10-15 minutt. Avkjøl på rist.

 

Alternativ

  • Bruk laktosefri mjølk for laktosefrie bollar.
  • Bollane vert mjølkefrie ved å bruke plantemjølk eller vatn og mjølkefritt smør.
  • Om ein droppar å pensle med egg vert bollane eggefrie.
  • Spelt kan bytast ut med kveitemjøl, men då kan det hende at mengda må justerast. Då er det greitt å prøve seg litt fram til deiga er så fast at ho slepp bakebollen.
  • Har ein ikkje surdeigstartar kan ein bruke 0,5 ts tørrgjær eller ein ertestor klump fersk gjær, og gjerne ein kork eplecidereddik i tillegg.

Tips

  • Bollane kan godt frysast og tinar raskt i omnen.
  • Oppskrifta kan brukast som grunnoppskrift til andre sortar bollar som sjokoladebollar, rosinbollar eller skulebollar.
  • Deiga settast i kjøleskap og stå der minst i eit par døgn. Då bør ho heve til romtemperatur før utbaking.

    2 kommentarar

  • Vigdis Jakobsen 3. mars 2019 Svar

    Bakte disse bollene i dag 🙂 De ble supre – takk for oppskrift!

    • Prøvekjøkkenet 3. mars 2019 Svar

      Så bra. Det var veldig kjekt å høyre!

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.