Blomkålsuppe

Hjemmelaget blomkålsuppe

Blomkålsuppe lagar ein enkelt sjølv. Det er både billeg og godt. Dessutan kan ein ha mykje godt oppi suppa. Denne varianten er både glutenfri og mjølkefri om ein brukar mjølkefri fløyte.

Ingrediensar til 4 porsjonar

1 stor blomkål eller 2 små i bitar 
1 liten purre eller vårlauk i bitar (kan sløyfast)
8 dl kraft eller buljong 
2 dl fløyte av valfri sort 
Salt og pepar 

Kok opp krafta og ha i blomkål og purre. Kok til blomkålen er gjennomkokt og jamn suppa med stavmiksar. Ha i fløyte/mjølk og smak til med salt og pepar. For litt meir smak kan urtesalt nyttast i staden for vanleg salt. 

 

Alternativ: 

  • Fløyten kan bytast ut med mjølk eller eit par ss kokoskrem.
  • Blomkål kan bytast ut med brokkoli eller andre grønsaker.

 

Tips: 

  • Ta vare på nokre blomkålbukettar og kok dei møre for å ha litt å tygge på i suppa.
  • Ha sprøsteikt bacon, skinke i bitar eller steikte pølser til.  
  • Brød eller rundstykkjer med smør er godt attåt

 

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.