Basilikumsmør – urtesmør

Basilikumsmør

Her om dagen hadde eg ei potte med frisk basilikum som byrja å sjå litt pjuskete ut. For å unngå å kaste resten så rørte eg saman dette smøret. Det kan brukast til mykje, men favoritten er å ha det på pasta, enten åleine eller med bacon og grønsaker.
Mengdene i oppskrifta er ikkje så nøye å følge. Slump saman til det passar din smak.

Ingrediensar

ca. 1 dl finhakka fersk basilikum
200 g mjukt smør
eventuelt litt salt og pepar etter smak

Rør smør og basilikum godt saman for hand eller med ein miksar. Ha det enten i ei lita skål eller ha det i litt plastfolie og form det til ei lita pølse. Sett det i kjøleskapet i rundt ein halvtime eller lenger. Smøret kan også frysast.

 

Alternativ:

  • For mjøkefri versjon kan ein bruke mjølkefritt alternativ. Husk å ha oppi ekstra salt om dette er utan tilsett salt.
  • Bruk andre urter og krydder eller ei blanding av disse for andre smakar.
  • Ha gjerne i litt sitronsaft for friskare smak.

 

Tips:

  • Server saman med nybakt brød for eksempel til suppe, salat eller tapas.
  • Ha det som tilbehør til grillmat.
  • Smøret passar til både kjøt og fisk. Legg litt på kvar fiskebit eller smelt det i steikjepanna på slutten og aus over fisken med ei skei.
  • Lag ein enkel pastarett med kokt pasta, skinke eller bacon og vårlauk eller det som måtte finnast i kjøleskapet. Rør inn smøret til slutt før servering.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.