Bananfromasj

Bananfromasj

Ein av mine favorittdessertar frå oppveksten er bananfromasj. Dersom eg fekk velge ut noko som skulle stå på eit kakebord så gjekk eg for bananfromasj og åt så store mengder at eg var kvalm minst i eit par timar etterpå. Med tida har eg oppdaga at det er ein dessert som ikkje er så veldig vanleg. Noko som etter mi meining er veldig synd. Derfor håpar eg at fleire no oppdagar denne gode desserten. Det er sjølvsagt ein fordel om ein er skikkeleg glad i banan.

Bananfromasjen er naturleg glutenfri og kan gjerast mjølkefri.

Ingrediensar til rundt 6 porsjonar

3 plater gelatin

2 egg

1 dl sukker

4 bananar

1 sitron, gjerne økologisk

2,5 dl kremfløyte

100 g kokesjokolade, hakka i bitar

Til pynt: 50 g grovhakka hasselnetkjerner eller 50 g hakka sjokolade

Legg gelatinen i kaldt vatn. Pisk eggedosis av egg og sukker. Press safta ut av sitronen. Mos bananane saman med sitronsafta i ei matmølle eller med stavmiksar. Vend det forsiktig inn i eggedosisen. Pisk fløyten til krem og rør det forsiktig inn i blandinga saman med den hakka sjokoladen.  Smelt gelatinen i vannbad utan å kryste ut vatnet. Rør dette godt inn i fromasjen og ha fromasjen over i ei serveringsskål. Sett skåla kaldt til det har stivna. Pynt med hakka sjokolade eller rista hasselneter; grovhakk netene og rist dei raskt i ei tørr steikjepanne.

Alternativ

  • For laktosefri variant så bruk laktosefri fløyte og laktosefri sjokolade
  • Bananfromasjen vert mjølkefri ved å bruke mjølkefri sjokolade og piskbar mjølkefri fløyte, for eksempel Gryr til matlaging eller Alpro piskbar fløyte.
  • Ein kan bruke andre sortar sukker og søtt. Eg brukar som oftast lyst rårørsukker.

Tips

  • Bananfromasjen kan godt lagast dagen før, men vent gjerne med å pynte til dagen etter.
  • Ein kan ha fromasjen porsjonsskåler i staden for i ei serveringsskål.

    2 kommentarar

  • Anne S 22. april 2019 Svar

    Takk for påminninga om bananfromasj. Det var også ein av mine favorittar som barn. Og du har heilt rett, denne desserten fortjener å kome fram i lyset att.

    • Prøvekjøkkenet 26. april 2019 Svar

      Det var kjekt å høyre at vi er fleire som er glad i bananfromasj. Den kjem til å vere ein gjengangar på dessertbordet mitt framover.

Kva tykkjer du?

Epostadressa di blir ikkje synleg.